Om oss

Revheim Gravferdshjelp vart etablert i 1997 av våre foreldre Enni og Jostein Revheim. Nokre år før dette var dei med å hjalp til under seremonier, dei såg behovet og starta sidan opp med eige Gravferdshjelp. Dei dreiv fram til 2019. 1. september 2019 tok me, døtrene Sissel og Karin over drifta.

Me er takknemlige for all den støtte og hjelp dei har gitt oss på veien, og som me fortsatt har stor nytte av. Etter mange år har mammo og pappen opparbeidet ein lokal tilhørighet som mange på Osterøy kjenner til. Dette er noko som me kjem til å videreføre, samstundes som me vil gjere det til vårt eige. Til felles er ønsket om å gjere det me kan for å hjelpe, være imøtekommne, forsette med å være jordnære og strekke oss litt ekstra. Intensjonen vår er at de sitter igjen med ein følesle av å ha vorte ivaretatt.

Me er begge født og oppvaksen på Revheim/Osterøy så den lokale tilhørigheten er der alt. Den vert ikkje mindre med at me får treffe så mange herlige folk frå Øya vår, og også frå andre stader. Det å få kunne hjelpe ein nabo, ein sambygding, ein bekjent eller få stifte eit heilt nytt bekjentskap gjer oss ydmyke og samstundes takksame. Takksame for å kunne få være til hjelp i ei vanskelig stund.

Me har gått inn i denne jobben med «begge beina» og heile hjertet. Sjølv om me på forhånd visste at det vart tunge stunder og endelige farvel, har det også vist seg å være ein jobb for den gode samtalen, dei fine historiene og mykje minner. Dette verdsetter me høgt.