Tjenester
Når du ringer
Når de tar kontakt med oss vil me spørje etter; fødselsnummer, dødsdato, tilhøyrande kyrkje eller livssynsseremoni. Opplysningane trenger me for å melde inn dødsfallet til kyrkjekontoret. Dei finner dag for gravferda/bisettelsen, prest og organist.
Syning/båreandakt
Er det ynskje om å sjå den avdøde eller holde ei båreandakt/syning, hjelper me til med det.
Nokon synes det er fint å få være med å svøype og legge kistelokket på. Me legger til rette for det, og er i nærheten om det er spørsmål rundt dette.
Samtale
Me avtaler samtale når tid for gravferd er klart, før om ønskelig. I ein samtale hjelper me til med å fylle ut skjema for «Begjæring om gravlegging og/eller kremasjon». Skjemaet vert brukt til å få inn opplysninger om avdøde, den som sørger for gravferda, om de ynskjer gravferd eller bisettelse og om graven.
Saman lager me annonsa til aviser, hjelper til med å sette saman eit program til seremonien og å finne blomar
Før samtalen kan det være greit å ha tenkt igjennom nokon praktiske spørsmål.
Me kjem gjerne heim til dykk for samtale.
Det er ikkje alltid ein har klare tanker rundt dette, eller har fått tid før samtalen. Me hjelper med å få til eit fint program. Me fyller òg ut skjema «Melding om dødsfall» til Tingretten.
Seremonien
Når dagen kjem for gravferd/bisettelse, er me på plass i god tid før seremonien starter. Me pyntar og lager kyrkja/lokala klar til seremonien og er behjelpelig før, under og etter om det skulle være noko.
Blomar
Me samarbeider med Litland Gartneri, som lager og leverer blomar.
Bestill blomer til seremoni og til hjemmet via våre minnesider.